Loge nr 111 Storfjords Historie
Loge nr. 111 Storfjord si historie
Loge nr. 6 St. Veronika
Loge nr 111 Storfjord si historie starta i Loge nr. 6 St. Veronika i Ålesund. Fleire damer frå Stranda og Sykkylven fekk interesse for Odd Fellow ordenen og vart etter kvart medlemmar av Loge nr. 6 St. Veronika i Ålesund.
Søstrene i St Veronikas meinte at det var god grobotn for ein utbredelse av Ordenen også ute i distriktet, og alt den 9. juni 1964 ble de første damer fra Stranda og Sykkylven innviet i vår loge.
Disse damer arbeidet jevnt og trutt for å få de riktige medlemmer som stamme i en Rebekkaloge der, samtidig som de også ville ha et godt økonomisk grunnlag før de søskte om å stifte loge.
Loge Hild, Loge LIV og Loge Venia er sprunge ut direkte frå St. Veronika og medførte mykje arbeid for loge St. Veronika med innvielser og trinnspasseringer, delvis vart det brukt ekstra møtedager. Også enkelte symøte måtte sølyfast og helga måtte av til takast i bruk til Odd Fellow arbeide.
MEN dette vart gjort med glede og inspirasjon frå St. Veronika si side og håpet er dei har gitt sine barn forståelse for den ånd som alltid bør herske i logene: for å bringe Odd Fellows grunnsetninger til kjennskap for flest mulig mennesker må intet arbeide være for stort eller lite
Mange strabiøse turar vart det for dei nye søstrene til Ålesud, ofte på dårlege vegar over Strandafjellet. Der fekk dei sin inntreden i Ordenen og fekk si sparsomme opplæring og alle gradspasseringar der.
Dette var med tanke på å starte loge for søstre i Stranda og Sykkylven.
Søstrene frå Stranda som vart innvigd i St. Veronika var:
NAVN Født Død Innv
189 Bertha Ringstad 22/11-1919 12/08-1998 9/6-1964 Stranda
≡ 8/6-1965
Utballotert 4/5-1971
Fadder: Hilldur Drabløs
200 Kari Skarbø
14/10-1906 18/04-2000 13/10-1964 Stranda
≡ 19/10-1965
Utballotert 4/5-1971
Fadder:
201 Louise Aase Berge 4/12-1923 7/1-2009 9/6-1964 Stranda
≡ 25/1-1966
Utballotert 4/5-1971
Loge 111 Storfjord 30/09/2000
Fadder:
211 Margit Skarbø 1/3-1922 31/1-2016 23/3-1965 Stranda
≡ 26/9-1967
Utballotert 4/5-1971
Loge 111 Storfjord 30/09/2000
Fadder: Loise Aase Berge
306 Kirsten Opsvik 1/2-1926 7/7-2018 18/4-1967 Stranda
≡ 22/10-1968
Utballotert 4/5-1971
Loge 111 Storfjord 30/09/2000
Fadder:
336 Aaslaug Marie Skarbø
27/9-1923
7/7-2000
30/8-1969
Stranda
≡17/11-1970
Utballotert 4/5-1971
Fadder:
337 Turid Langlo 8/4-1939 30/8-1969 Stranda
≡17/11-1970
Utballotert 4/5-1971
Loge 111 Storfjord 30/09/2000
Fadder: Louise Aase Berge
326 Else Marie Gjærde 1/5-1931 17/2-2019 4/3-1969 Stranda
≡7/6-1970
Utballotert 4/5-1971
Fadder:
327 Ellen Solveig Langlo (Lille) 4/3-1969 Stranda
≡ 7/6-1970
Utballotert 4/5-1971
Fadder:
342 Marie Jorunn Nilsen 01/12-1927 17/11-1970 Stranda
≡20/4-1971
Utballotert 4/5-1971
Loge 111 Storfjord 30/09/2000
Fadder: Else Marie Gjærde
349 Astrid Drege Engeseth 14/6-1936 9/3-1971 Stranda
O 9/3-1971
Utballotert 4/5-1971
Fadder: Turid Langlo
345 Liv Marie Ryste 17/11-1970 Stranda
≡ 20/4-1971
Utballotert 4/5-1971
Fadder:
Andre merkedagar i St. Veronika.
Den 4/5 1971 ble mange søstre utballotert fra St. Veronika. Søstre fra Sykkylven og Stranda.
I 1971 mente de at tiden var kommet og 19. mai 1971 ble loge nr. 44 Venia instituert.
9 juni 1964 kom det søstre fra stranda og Sykkylven
19 mai.1971 ble 44 Venia instituert
Vår første Distriktsdeputert Rådspresident ble Turid Langlo fra loge nr 44 Venia.
1962: 40 års jubileum
1963 (7 sept) nye lokaler
Under festmåltidet gav søstrene i St. Veronika Eks OM Signy Linda meddelte at 20 søstre i st veronika ønsket å bekoste glassmaleriene i logesalen.
Sykkylven og Stranda Rebekkaforening
Frå midten av 1960-talet starta desse driftige søstrene saman med søstre frå Sykkylven Rebekkaforening for søstrene frå Stranda og Sykkylven. Dei hadde først tilhald i 2. etg. i Sparebankbygget og når Samfunnshuset, no Sykkylven Kulturhus, vart bygd, heldt dei til der.
Her la dei ned eit stort arbeid med alt utstyret det var behov for. For å skaffe pengar laga dei mat til brødrene i Loge St. Olav som hadde starta nokre år tidlegar.
Loge St. Olav og Rebekkaforeninga var på jakt etter eigne og eigna lokale. Dette fann dei i Oskarhuset på Stranda.
Loge nr 44 Venia
Loge nr 44 Venia vart instituert den 19.5.1971 og var første Logen som var stifta på landsbygda. Ingeborg Hjorthol var den første OM.
Dei som skriv under på Charterbrevet som er stiftingsdokumentet, var følgjande:
- Ingeborg Hjorthol
- Kjellbjørg Brunstad
- Berta Ringstad
- Louise Aase Berge
- Åshild Eidså
- Margit Skarbø
Dette vart også det første kollegiet i Loge nr. 44 Venia. Etter kvart vart mange søstre tatt opp i Loge Venia både frå Stranda og Sykkylven.
Lokala som Loge Venia hadde i Oskarhuset her på Stranda, var blitt for små og hindra ekspansjon både i Loge Venia og Loge St. Olav. Logane var derfor på jakt etter nye lokale.
I 1999 vedtok Loge nr 44 Venia at logen skulle flyttast til Sykkylven der nye lokale skulle kjøpast. Det var ulike meiningar både mellom søstrene og brødrene kva som tente Ordenen og medlemmane best. Det var mange som meinte at for at ein skulle kunne ekspandere var muligheita no for å ha eigen Loge i begge bygdelaga.
Ettersom vi framleis hadde tilgang på logelokala i Oskarhuset, skreiv 31 søstre under på ein søknad som vart send til Rebekkarådet, som det heitte då, om å få starte Rebekkaforening på Stranda. Det kom raskt eit positivt svar på dette.
Stranda Rebekkaforening
Den 8. des. 1999 vart Stranda Rebekkaforening stifta. Dåverande DDRP (no DSS)Turid Langlo fungerte som Rådspresident og rituale for stifting av Rebekkaforening vart brukt. Av 31 medlemmar møtte 27 søstre til dette møtet.
Det vart valt styre etter statuttane, og som var samansett slik:
- Aase Sefland - formann
- Ingunn Anne Aambakk – viseformann
- Bjørg Krohn – sekretær
- Åse Kjølås – kasserer
- Else Undlien – arkivar
Det vart valt Finansnemnd, Revisjonsnemnd og Anskaffelsesnemnd. Det vart også oppretta nemnd for rekruttering, nemnd for namn og emblem og nemnd for orden og tilsyn av lokale. Nominasjonsnemd vart vald på eit seinare møte. Kontingent vart fastsett til kr 200,- for første halvår i året 2000. Alle søstrene i Stranda Rebekkaforening var framleis medlemmar av Loge Venia så møta vart haldne i deira lokale på Stranda.
På nyåret i 2000 starta foreninga med stor iver opp alt arbeidet som måtte til for å kunne starte ein ny Loge. Arbeidet «gikk på skinner» med ivrige søstre som alle ville gjere sitt for at Logen kom opp å stå. Alle materialer som skulle til for å få sydd drakter, regalie, antipendier m.m. Mykje av materialet vart kjøpt, men også gåver frå søstre kom til stor hjelp. Alle bidrog, men søster Marie Tomren Nilsen må nemnast når det det kom til sying. Ei anna søster som også må nemnast er søster Edny Sotnakk som broderte den flotte alterduken.
Nemnda som skulle finne eit passande namn på Logen jobba godt og fleire forslag låg føre. Storfjord var eit tidleg forslag, men også brødrene hadde forslag om same namnet. Derfor avventa vi situasjonen litt, men så snart brødrene hadde bestemt seg for eit anna namn, vart dette lagt fram for Rebekkaforeninga og einstemmig vedteke. Forslaget vart deretter sendt inn til Rebekkarådet/Storlogen som godkjende forslaget og vi vart Loge nr. 111 Storfjord.
Søster Eldri Myrestrand teikna eit flott utkast til emblem og logenål. Det viser to søstre som rekk kvarandre hendene over fjorden med sola og fjella som bakgrunn og kjedeledda øvst. Forslaget saman med tankane ein hadde rundt motivet vart godkjent i Rebekkarådet/Storlogen. Opro Produkter laga dei flotte nålene våre etter same utkast.
Etter ei rekke korrespondanse og godkjenningar vart det bestemt at Loge nr. 111 Storfjord skulle stiftast den 30. september i 2000. Rebekkaloge nr 44 Venia vart vår moderloge. Det var glede over at den nye logen skulle stiftast, men også vemod å gå ut av Loge nr 44 Venia.
Nominasjonsnemnda vart sett i arbeid med å sette saman kollegie og forslag til utnemnde embedsmenn og alle nemndene. Det gjekk over all forventning! Dei aller fleste sa ja, og ville ta sin tørn. Det vart søkt om dispensasjon for OM og det fall på plass med ein gong. Nominasjon og val vart i eit år det ikkje normalt var val, derfor vart dei nye embetsmenn og nemnder vald for 3 år.
Dei valde embetsmenn vart:
- OM Åse Kjølås
- UM Ingunn Anne Aambakk
- Sekr. Eldri Myrestrand
- Skattm. Tordis Urke
- Kass. Aase Sefland
Eks.OM Signy Mork skulle innta eks.OM-stolen, Ellen Dalheim vart CM og Bjørg Krohn Storrep. Slik vart heile kollegiet på plass. Medlemstalet var 35 når Logen vart stifta.
Som chartermedlemmar vart følgjande foreslått og vald:
- Signy Mork
- Bjørg Krohn
- Åse Kjølås
- Aase Sefland
- Kirsten Opsvik
Stifteleshelga
5 søstre frå Rebekkarådet med Rådspresident Lillemor Johnsen i spissen kom til stiftinga av den nye Logen. Dei kom til Stranda den 29. sept. og følgde programmet som Rebekkaforeninga og kollegiet i den nye Logen hadde sett opp.
Turid Langlo og Bjørg Krohn var sjåførar for dei prominente gjestane frå Oslo. Det vart eit hjartleg møte og tonen var svært lett. Veret spelte også på lag. Heile helga var det sol frå skyfri himmel og vi fekk dermed vise fram den fantastiske naturen vi har rundt oss.
Gjestane som hadde starta heimanfrå alt kl 05.00 om morgonen fekk servert brennesnut på hytta til påtroppande OM Åse Kjølås. Søstrene Ingunn Anne Aambakk og Else Undlien hjelpte til under lunchen. Etter ein koselig lunch vart gjestane installert på hotellet slik at dei kunne slappe av litt før det var øving kl 18.00. Alle aktørane var på plass unntatt påtroppande Indre Vakt, Laila With Nor som feira 50 års dagen sin.
Laurdag 30. september fekk gjestane omvising på Stabburet sin pizzafabrikk. Søster Inger Johanne Hole, som jobba der, sørga for at dei fekk både pizza og omvising.
Seinare på dagen vart gjestane tatt med til til Øie gjennom den vakre Norangsdalen. I storslått natur vart det piknic med medbrakt niste. E spesiell oppleving vart det då ei ørn flaug framfor ein av bilane eit langt stykke.
På Øie vart alle møtt av logemedlemmer frå Ålesund som hadde ordna med omvising i det gamle, vakre hotellet. Deretter fekk vi servert kaffi i dei vakre salongane.
Tilbake på Stranda var det å lade opp til den høgtidlege seremonien i Logesalen og deretter festmiddag på Stranda Hotell.
Instituering av Loge nr 111 Storfjord 30.9.2000
Institueringa av Loge 111 Storfjord vart høgtidleg gjennomført av dei tilreisande Rådsmedlemmane. Mange gjester frå distriktet var kome på besøk og det var også stort frammøte av medlemmane. Vår eigen DDRP/DSS Turid Langlo og DDSS/DSS Thorbjørn Sæther var også til stades. Det var gåveoverrekking både under seremonien og seinare på ettermøtet som var festmiddag på Stranda Hotell. Her møtte det oss eit fantastisk dekka festbord. På bordet låg ein spegel med eit stort eksemplar av De tre kjedeledd laga i trolldeig. UM Ingunn Anne Aambakk leia bordsetet med stødig hand. Det var laga eit eige songhefte til institueringa som vart brukt. Fleire songar var skrive spesielt for anledninga. Eks OM Signy Mork hadde bl.a. skrive song til Loge Storfjord.
Det vart eit triveleg bordsete med tale, song og helsingar og m.a. deklamerte Søster Eldri Myrestrand Strandasongen. Til slutt takka DDSS Thorbjørn Sæther for maten og overraska alle med å synge talen.
Bordsetet vart avslutta ved at alle tente sitt telys og gjekk ein og ein frå bordet og sette det brennande telyset på spegelen med kjedeledda medan ein song avslutningsongen til melodien «Jeg blir gammel kjære du...».
Sangens ord og toner klinger Kjære søster rundt vårt bord Gode ønsker vi vil bringe Til vår Loge Storfjord «Vennskap, kjærlighet og sannhet» Er Odd Fellows klippegrunn Og gir Logen vår motivet, Som Rebekka hvert sekund.
|
Tenn ditt lys og la det vandre Dann vår ordens symbol Gi vårt lys vil alltid brenne For vår Loge Storfjord. Vi en minnekrans vil binde Av de klare flammers dans La vårt vennskapsfakkel skinne, Stråle i Rebekkas glans.
|
Søstrene Ingunn Anne Aambakk og Tordis Urke stod for dette arrangementet og det vart ei gripande avslutning på det fantastiske bordsetet. Deretter vart det kaffi og prat langt ut i dei små timar. Ein lang og minnerik dag var til ende.
Søndag 1.10.2000
Men helga var ikkje over. Søndag føremiddag var det samling i det Stranda sitt nye Kulturhus som imponerte dei tilreisande gjestane. Inne i Storsalen helsa ordfører Inge Gjerde til dei frammøtte og det vart vist lysbilde frå naturen og gardane langs Storfjorden. Spesielt vart det fortalt frå Blomberg der mor til søster Tordis Urke hadde vore mykje då ho var barn. Når Tordis las eit gripande dikt som mora hadde skrive om bestemora og Blomberg, trilla tårene på heile Rebekkarådet.
Etterpå var det lunch i kafèlokala og Rebekkarådet fekk overlevert den tradisjonelle Strandarosa (ein mørkveil) og kvar sitt eksemplar av diktsamlinga til Solveig Sundgot, mor til Tordis Urke.
Dei som var tilstades avslutningsdagen var overvelda av inntrykk og vi fekk høyre at dei som hadde reist heim, kunne angre på det. Rebekkarådet vart køyrd tilbake til Vigra av via Gravaneset og Dyrkorn der ei av søstrene frå Oslo hadde sine aner.
Ei fantastisk helg var over og seinare fekk fleire søstre tilsendt takkekort frå Rebekkarådet, fantastiske broderte kort.
Vidare arbeid i Loge nr 111 Storfjord
Her på Stranda var alle søstrene i Loge nr. 111 Storfjord no klare til innsats for Loge nr. 111 Storfjord og Ordenen
Det vart arbeidd godt med rekruttering og medlemstalet var oppe ca. 65.
Vi såg snart at skulle vi ekspandere måtte vi også satse på nye og større lokale. I tillegg fekk vi oppseiing av lokala i Oskarbygget då der skulle byggast leiligheiter.
Logetun BA (no SA)
Det vart sett ned ei nemnd med Helge Høeg Krohn som leiar, som skulle finne eigna lokale.
Logane hadde ikkje naudsynt eigenkapital. Derfor vart det bestemt at medlemmane skulle kjøpe lutar (aksjer) i Logetun som lokala vart heitande. Det vart fastsett at for å dekkje behovet burde kvart medlem kjøpe lutar for kr 5.000,-. Stort sett alle medlemmar på dette tidspunktet kjøpte lutar og eigenkapitalbehovet vart såleis dekt, og Logetun kunne ta opp lån i Sparebanken Møre til dei resterande investeringane.
Logetun LL vart etablert i januar 2001 som eit lutlag, med ansvar for leigeavtalen for dei lokala som logane då leigde av Oskarhuset AS.
Selskapet kjøpte i september 2004 halve 4. etg i huset som då var eigd av det kommunale selskapet ASVO as, med eit areal på ca. 500 m2. Bror Terje Mork var leiar av byggenemnda. Lokala var tidlegare ein del av fabrikklokale og all innreiing, el-anlegg, rørlegging, innvendig tak, golv og vegger måtte settast opp på nytt. Det aller meste av arbeidet vart utført som dugnad av logemedlemer. Det vart innreia logesal, festsal, kontor, kjøkken og garderobe/toalett.
Samla investeringar i samband med kjøp av lokale, innreiingar og inventar var pr. 31.12.05 kr 2.926.814,-. Eigenkapital til investeringa vart som tidlegare nemnt skaffa ved at alle medlemer i begge loger forplikta seg til å kjøpe lutar for kr 5000,-. Resten vart finansiert med lån i Sparebanken Møre.
Gjennom endring i lover for firma er selskapet i dag eit Samvirkeforetak med ein selskapskapital som pr. 31.12.19 er på kr 481.000,-.
Arbeidet starta opp i 2004 og lokala stod ferdig i 2005. Den 22. november 2005 hadde vi ei storslått opning av lokala den med mange besøkjande der også Store Sire Harald Toen var til stades. Vi fekk mange lovord om lokala våre og vi var stolte over kva vi hadde fått til.
Den første styreleiaren i Logetun BA var søster Fredmøy Wollen.
Lokala våre er no i 2020 15 år og behovet for oppgradering har alt meldt seg. Ein vil oppmode medlemmar som er komne til etter 2005 om å kjøpe lutar slik at ein kan ha midlar til naudsynt vedlikehald utan at det vi gi eit auka lånebehov.
I tillegg til våre to loger som hovedbrukarar blir festlokala utleidd til private samankomstar som konfirmasjon, bursdag, bryllaup, begravelse m.m..
Vidare arbeid i Loge nr 111 Storfjord
Loge Storfjord har i alle år vore aktive og synlege i lokalmiljøet med m.a. Hyggekveldar der inntektene av desse har blitt gitt som gåver i nærmiljøet. Vi har også hatt fadderbarn, teke del i store landssaker som SOS Barnebyar og Redningsskøyter. I tillegg har vi hatt besøk på institusjonane med handlevogn. Stort sett var det praten som var den viktigaste og det var ei glede å vere innom pensjonærane. Ved jul og nyttår sender vi blomster, og arrangerer nyttårsfest på Solbakken Omsorgssenter.
Ettersom vi dei siste åra har mista medlemmar både pga dødsfall og utmeldingar er rekrutteringsarbeidet kanskje det viktigaste interne arbeidet for Logen. Skal Logen ha eit sterkt og godt grunnlag for drift er vi avhengig av eit auka og stabilt medlemstal.
OM i Loge 111 Storfjord frå 2000 - 2021
Følgjande har vore OM sidan logen vart instituert:
- Åse Kjølås 2000 – 2003
- Ingunn Anne Aambakk 2003 – 2005
- Oddveig Oksvik 2005 – 2007
- Liv Langlo 2007 – 2009
- Liv Tefre 2009 – 2011
- Inger Johanne Hole 2011 – 2013
- Tordis Urke 2013 – 2015
- Laila With Nor 2015 – 2017
- Anne Marit Engeseth 2017 – 2019
- Gullvei Skålvik 2019 - 2021
- Gullvei Skålvik 2021 - 2023
- Tordis Urke 2023 - 2025
Året 2020
I skrivande stund, november 2020, er heile verda prega av pandemien Covid19. Det har lamma Logearbeidet, og mange av søstrene har i denne tida hatt vanskelege og einsame dagar. Vi lever i håpet om at pandemien vil sleppe taket og vi kan glede oss over kvardagane og logearbeidet som før.
Takk til søster Bjørg Krohn for eit fyldig referat frå Loge nr. 111 Storfjord sin institusjon.
Takk også til bror Ivar Rimstad med opplysningar om Logetun SA.
Stranda, 15.11.20
Tordis Urke
Herold