Nær 100 damer i alle aldrar hadde møtt fram for å sjå forretningane vise fram motane for våren og sommaren.

Mannekengane, konferansier Svanhild Myklebust og Berit Hatlestad som sytte for fint tonefølgje, er alle medlemmer av vår loge.

UM Kristin Vik og hennar arbeidsnemnd sto for arrangementet. Søstrene i Loge Symra leverte heimebaka kaker av beste kvalitet.

Pause med servering kaffe og kaker og loddsal. Til slutt trekning av mange flotte gevinstar som var gjevne av medlemmane.

Arrangementet var sers vellukka denne fine vårkvelden. Netto overskudd til sosiale tiltak i Volda og Ørsta var på nærare 21.000 kroner.


Dei fem medlemmane våre frå.v.: Idun Åm Kårstad, Anne
Grete Sætre, Maryon Evensen, Lillian Stavem og Perny
Brekke, med antrekk frå Femina.