Ho informerte om Odd Fellow Ordenen si lands-sak for 2011-2013:

Odd Fellow Ordenen har vore engasjert i drift av barneheimar både i USA og i Norge heilt sidan 1890.
No er det ein barneby som skal byggast i Ngabu,som ligg lengst syd i Malawi. Den nye Odd Fellow-barnebyen skal innehalde 15 SOS familiehus for 150 barn. Barna skal bu her til dei klarer seg sjølv. Alle SOS barn får skulegang og yrkesopplæring. Barnehage, skule og yrkesskule for ca. 600 barn og unge årlig. Klinikk og opprustning av det lokale sykehuset. Etablering av eit familieprogram som ved full kapasitet vil hjelpe ca. 2000 barn. Det må samlast inn totalt 20millioner for å fullfinansiere barnebyen. Ein barneby fungerer som ein fosterheim. Det er ei SOS –mor i kvart hus. Store krav vert stilt til ei SOS-mor;- krav både til utdanning og tryggleik, det er ein lang utvelgelse prosess. 15 mai 2013 er det planlagt ei avslutningsmarkering, på Eidsvoll plass. Dette er ein solsikkefest; hundrevis av barn skal gå i solsikke- tog. Solsikke er vår merkevare, i form av pins, dei vert seldt for kr.50,-.

Klikk for større bilde
Kveldens mannekenger

Kveldens mannekengoppvisning vart gjennomført av loge – medlemmer. Vi fekk sjå at Stranda har mykje å by på av ulike antrekk. G-Sport og Kirsten´s Butikk stod for utlån av antrekk.

Leiar av Loge nr.111 Storfjord, Inger- Johanne Hole, var kveldens konferansie.

Per Overvoll, fra Loge nr. 137 Friaren, underheldt med musikk.

Ette mannekengoppvisning var det tid for kaffi, smørbrød og kaker.
Loddsalget gjekk godt unna; - det førte til eit godt økonomisk resultat. – Dei heldige vinnarane fekk med fine gevinstar heim.

Deler av inntektene på årets hyggekveld vil gå til prosjektet for SOS barnebyer.
Leiar for Loge nr. 111 Storfjord takka for frammøte og ynskte alle vel heim.
 

Klikk for større bilde
Elsa Hagebakk serverer bløtkake