Tildeling av 40 års Veteranjuvel til Eks OM Marie Tomren Nilssen, i Rebekkaloge nr. 111 Storfjord
17. november 2010 var ein stor dag både for vår Loge og for Eks OM Marie Tomren Nilssen,
Storrepresentant Signy Mork og 40- års Vetranjubilanten Marie Tomren Nilssen |
som fekk tildet 40- års Veteranjuvel for sitt medlemskap i vår Orden. Ekstra stas var det at Veteranjuvelen vart tildelt på same dato som jubilanten vart innvia.
47 søstre var samla for å overvære den høgtidelige seremonien; som på ein stilfull og personleg måte vart leia av DSS Tone Kvammen. Jubilanten vart fulgt på sin vandring i salen av Storrepr. Signy Mork. Eks OM Marie Tomren Nilssen vart innvia i loge nr. 44 Venia 17.11.1970. 30.09.2000 vart loge nr.111 Storfjord instituert og 40- års jubilanten har sidan vore medlem av Rebekkaloge nr. 111 Storfjord.
Eks OM Marie Tomren Nilssen har i gjennom åra teke aktiv del i logelivet, og har hatt mange viktige verv. Logesøstrene har sett stor pris på hennar engasjement, i logen, samt på hennar kjappe replikker og varme vesen.
Etter en vakker og høgtidsam seremoni i logesalen fortsette festen i selskapslokale, med flott pynta bord og nydelig søstermåltid. Det vart halde mange talar til ære for 40- års jubilanten, som også fekk vakre blomar.